Puss på isolasjon – erfaringar

Puss på isolasjon er ein type utvendig kledning der varmeisolasjonsplater blir kleba og plugga til ein bærande bakvegg av betong, murverk eller bindingsverk, før puss blir påført direkte på isolasjonen. Slike fasadesystem blir mykje bruka også i Norge. Rett utført er det ein veleigna klednings- og isolasjonsmetode, men systemet er lite robust, og mindre feil gjer at det lett oppstå skadar.

Samling av felt- og laboratorieerfaringar
Vår erfaringsstudie omfattar gjennomgang av 61 skadesaker i SINTEF sitt Byggskadearkiv knytta til puss på isolasjon i perioden 1993-2017. I same periode har vi gjennomført akselerert kunstig klimaaldring av 30 ulike slike fasadesystem.

Dei fleste skadesakene, SINTEF har granska, har vore samansette med fleire skadeårsaker. Svake løysningar og/eller utilfredsstillande utføring viser seg ved at fleire forhold sviktar samtidig. Dette er også erfaringa frå den akselererte aldringsprøvinga.

 SINTEF Byggforsk sin klimasimulator med fire klimasoner/-eksponeringar. Prøvestykker er montert til midtseksjonen som roterer med klokka slik at prøvestykka blir utsett for kvar klimasone i ein time.

SINTEF Byggforsk sin klimasimulator med fire klimasoner/-eksponeringar. Prøvestykker er montert til midtseksjonen som roterer med klokka slik at prøvestykka blir utsett for kvar klimasone i ein time.

Utfordrande beslag og avslutningsdetaljar
Manglar knytta til beslag mot nedbør toppar klart byggskadestatistikken til SINTEF. Det kan vere manglar med sjølve utforminga og/eller utføringa av gesims-, horisontal-, parapet- og sålbenkbeslag, og ikkje minst manglar med avslutninga av pussystemet mot beslaga. Vår gjennomgang viser at beslag mot nedbør ofte ikkje er tilpassa fasadesystemet, men blir løyst for kvart enkelt prosjekt.

Dei mest sårbare punkta for eit fasadesystem er kantane/hjørna. Det er viktig å bruke hjørneprofil og sokkelbeslag/startlist som samvirkar godt med pussen og gir redusert risiko for oppsprekking. Vår erfaring viser i tillegg at pussen fort kan bli påført for tynt over slike profil. Systemleverandøren sine anvisningar om pusstjukkelse må følgjast.

Armeringsproblem
Feil plassering av armeringsnett eller for lite armering er ein annan typisk gjengangar. Skadane skuldast som oftast at armeringa er lagt heilt inntil varmeisolasjonen, eller at nettet er lagt i «bølgjer» slik at det punktvis ligg inntil isolasjonen og langt ute i pussjiktet. Det er også vanleg at armeringsnettet er lagt med for liten overlapp i skøytar. For lite armering er mest vanleg ved utsparingar, der det skal leggast inn ekstra armering, og mot pusskantar kor armeringa ikkje er plassert langt nok ut mot kanten.

Teknisk godkjenning
Vår erfaring viser at det er viktig at delmateriala i fasadesystem med puss på isolasjon ikkje blir sett saman vilkårleg. Ein må i staden bruke etablerte system der alle komponentane passar saman. I tillegg må ein følgje arbeidsbeskrivinga frå systemleverandøren. Vi anbefaler sterkt at system med Teknisk Godkjenning blir valt. Slike system har, mellom anna gjennom den akselererte klimaaldringa, dokumentert godt samvirke mellom delkomponentane.

Gjennomgangen av skadesaker viser at fasadesystem med puss på isolasjon er spesielt utsett på stadar med stor slagregnpåkjenning. Grunnen er at pussjiktet i slike system må ivareta både regn- og vindtettinga (eittrinnstetning). Konsekvensane av riss og andre svakheiter i pussen blir derfor lett store. På stadar med stor slagrengpåkjenning er puss på lufta kledning med pussberar av fuktbestandige bygningsplater eit godt alternativ. Denne løysninga gir ein fugefri, pussa fasade, samtidig som løysninga følgjer prinsippet om totrinnstetning (skilt regnskjerm og vindtetning).

 På stadar med stor slagregnpåkjenning er puss på lufta kledning eit tryggare alternativ. Illustrasjon: SFI Klima 2050/SINTEF Byggforsk.

På stadar med stor slagregnpåkjenning er puss på lufta kledning eit tryggare alternativ. Illustrasjon: SFI Klima 2050/SINTEF Byggforsk.

Vitskapeleg grunnlag

Kvande, T, Bakken, N, Bergheim, E & Thue, J.V: Durability of ETICS with Rendering in Norway—Experimental and Field Investigations. Buildings 2018, Vol 8(7), p. 93; doi:10.3390/buildings8070093, ISSN 2075-5309 (Published online 16 July 2018)