#klimaomstilling 2017 - vegen mot eit grønare samfunn

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane arrangerer i samarbeid med ei rekke andre samfunnsaktørar på Vestlandet konferansen #klimaomstilling 2017 den 29 – 31 august i Sogndal.  Hovudtema på konferansen er klimatilpassing og det grøne skiftet. Føremålet er å tematisere korleis forsking, forvalting, organisasjonar og næringsliv i samarbeid kan gjere samfunnet smartare, grønare og tryggare. Ytterlegare informasjon om konferansen finst på fylkesmannens heimesider. Åshild Lappegaard Hauge frå Klima 2050 presenterar resulat frå rapporten Klimatilpasning av bygninger og infrastruktur - Samfunnsmessige barrierer og drivere.