Lastvirkning frå blågrøne og blågrå tak

Blågrøne og blågrå tak kombinerer uteområde på tak med tiltak for overvannshandtering. Slike takløysningar gir ei ekstra last på taket som vi må ta omsyn til ved prosjektering. Ulike takløysningar har ulik evne til å halde tilbake vatn («detention») før det blir sleppt fram til taksluket. Vår erfaring er at det er uklart korleis denne lasta blir tatt omsyn til. NTNU student Mathias Berg Rønning er i sommar engasjert for å kartlegge denne problemstillinga nærmare.

Med underlag i målingane vi gjer på feltstasjonen vår på Høvringen forsøker Mathias å avklare i kor stor grad lastene kan sjåast på som permanente eller variable. Arbeidet blir gjennomført i tilknytning til Erlend Andenæs sitt PhD arbeid om risikovurdering av blågrøne og blågrå takløysningar, og er å betrakte som eit forstudie i arbeidet til Erlend og Klima 2050.

 Mathias Berg Rønning og Erlend Andenæs

Mathias Berg Rønning og Erlend Andenæs