Norske ekstremvêr

På dei 25 åra Meteorologisk institutt har varsla om ekstremvêr har vi hatt 76 slike vêrhendingar. Heile 43 av ekstremvêra trefte Norge i desember eller januar. Tidsrommet mars til og med september utmerkar seg med å vere ein roleg periode med totalt elleve ekstremvêr. Dei fleste varsla i den rolege perioden gjeld store nedbørsmengder. På dei 25 åra med ekstremvêrvarsel har vi ingen ekstremvêr registrert i april og juli.  

 Ekstremvêrvarsel fordelt på fylke og type varsel

Ekstremvêrvarsel fordelt på fylke og type varsel

Store fylkesvariasjonar
Av stolpediagrammet ser vi at Trøndelag og Nordland skil seg klart ut som dei fylka med flest ekstremvêr. Det er kategorien vind som dominerer, men nedbør og høg vannstand er også representert. Generelt gjeld at Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge er ofte ramma av sterk vind, medan nedbør dominerer som årsak til ekstremvêr på Austlandet.

Vind mest vanleg
Sterk vind er altså årsak til dei fleste ekstremvêrvarsla. 43 av varsla gjeld vind aleine. I tillegg har vi ti hendingar med vind i kombinasjon med høg vannstand og ei hending i lag med mykje nedbør. 

Så langt har vi ikkje hatt nokon ekstremvêrvarsel med årsak i snøskredfare. Til det har ikkje faren vore ekstrem nok for eit stort nok område.

Oftare nedbør
I løpet av 25 år har nedbør vore årsak til totalt tolv ekstremvêrvarsel. Av dei er sju frå dei siste fem åra. Det seier noko om at nedbør har vorte ein viktigare årsak til ekstremvêrhendingar. 

Den kraftige intense bygenedbøren vi spesielt har rundt Oslofjorden og langs Sørlandskysten er for lokal og kortvarig til at den blir varsla som ekstremvêr. Slike korte og kraftige regnbyger kan gi omfattande skadar på infrastrukturen for overvatn og lokale oversvømmingar. Klimaforskarane varslar om auka utfordringar med denne type nedbør i åra som kjem på grunn av auke i både intensitet og frekvens. Utfordringane med nedbør gjer at kriteria for nedbørshendingar som varar over fleire døgn, og til dels kriteria for styrtregn vil bli oppdatert i framtida.

 Ekstremvêret Synne ramma Rogaland og Agder fylka med ekstreme nedbørsmengder 6. - 7. desember 2015. Foto: Sem Hadland, Eigersund kommune.

Ekstremvêret Synne ramma Rogaland og Agder fylka med ekstreme nedbørsmengder 6. - 7. desember 2015. Foto: Sem Hadland, Eigersund kommune.

Les: Kvande, T & Tajet, H.T.T. Byggeindustrien 03/2018