Fredrik Slapø har gått den lange utdanningsvegen via murar, murmeister og bachelor før fullføring av sivilingeniør-utdanninga. I masteroppgåve si tek Fredrik utgangspunkt i inntrykket han har frå sju år som praktiserande murar, av at variasjonen i mengde vatn som blir tilsett tørrmørtel på byggeplass, er stor. Fredrik får skryt frå juryen for å ha løfta eit veldig konkret og praktisk tema opp til eit høgt teoretisk nivå. For Fredrik har det nemleg vore viktig å ta med ei problemstilling frå byggestillasen til forskningverda for å finne svar, for så å formidle den praktiske nytteverdien tilbake til murarar, mørtelprodusentar og rådgivarar.

Dekan Olav Bollan ved Fakultet for ingeniørvitskap – NTNU deler ut Næringslivsringens pris for beste masteroppgåve innan bygg- og miljøteknikk til Fredrik Slapø. Foto: Remy Eik-Nikolaisen

Dekan Olav Bollan ved Fakultet for ingeniørvitskap – NTNU deler ut Næringslivsringens pris for beste masteroppgåve innan bygg- og miljøteknikk til Fredrik Slapø. Foto: Remy Eik-Nikolaisen

Murmørtel blir blanda på byggeplass av tørrmørtel og vatn. I motsetning til mange andre blandeprosessar på byggeplass der vekt eller volum gir blandeforholdet, blir mørtel blanda til muraren sin ønska konsistens. Mengde vatn tilsett kan derfor variere mellom byggeplassar og mellom murarlag. Målet med oppgåva til Fredrik Slapø var å avdekke om variasjonen i vassmengde har praktiske konsekvensar for kvaliteten til ferdig herda teglmurverk.

Variasjonsområdet for mørtelkonsistensen som er bruka i forsøka, samsvarar med det som er funnet på byggeplass gjennom forprosjektet hausten 2016. Variasjonen er innafor dei anbefalte vassmengdene frå mørtelprodusenten. Det er valt å utføre forsøka med tre ulike mørtelkonsistensar; tørr, middels og våt.

Resultata viser ein klar samanheng mellom vasstilsetning i mørtelen og kvaliteten til det ferdige teglmurverket. Bruk av våt murmørtel gir best heft til teglstein og dermed best bøyestrekkfastheit, initialskjærfastheit og regntettheit. Trykkfastheita er derimot i liten grad påverka av vassinnhaldet i den ferske mørtelen. Fredrik Slapø anbefaler at mørtelprodusenten er tydelegare på vasstilsetninga til tørrmørtelen for å sikre jamn og god murkvalitet.

Fredrik har levert ei artikkelbasert masteroppgåve etter modell av ei typisk PhD avhandling. Masteroppgåva består av to vitskaplege artiklar som er sendt inn til internasjonale tidsskrift med peer-review-ordning (Buildings og Masonry International), og tre tekniske artiklar til norske fagtidsskrift (Byggeindustrien og mur+betong):

  1. Slapø, F, Kvande, T, Høiseth, K.V, Hisdal, J-M & Lohne, J: Mortar water content impact on masonry strength. Accepted for publication in Masonry International.
  2. Slapø, F, Kvande, T, Bakken, N, Haugen, M & Lohne, J: Masonry’s Resistance to Driving Rain: Mortar Water Content and Impregnation. Buildings 2017, 7(3), 70;
  3. Slapø, F og Kvande, T: Mørtelkonsistens - stor betydning, liten oppmerksomhet. mur+betong 2/2017 s 51-52
  4. Slapø, F og Kvande, T: Best med våt murmørtel. Byggeindustrien 8/2017 s 34
  5. Slapø, F, Kvande, T og Bakken, N: Bortkastet impregnering mot slagregn. Byggeindustrien 12/2017 s 56